Olav Harald Ulstein

Kunstnaren Olav Harald Ulstein frå Sykkylven har sitt atelier i Sykkylven Kunstgalleri, som han driv saman med Trine Cruickshank.Han vart fødd på Hareid i i 1963. Etter å ha budd der nokre år, flytta han til Sykkylven som tiåring. Der har han heldt til sidan. Olav Harald Ulstein trivst blandt dei høge og stolte sunnmørstindane som omkransar Sykkylven.
For det er nettopp den storslagne naturen både i Sykkylven, Sunnmøre og i landet elles som gir Olav Harald Ulstein inspirasjon til å måle. Han finn stor glede i å ferdast i det fri, og legg ofte ut på jakt- eller fisketurar for å hauste av det naturen kan gi. Dei siste bileta til Olav Harald Ulstein kan du sjå på nettgalleriet for Juleutstillinga 2006.

Han har også vøri ein forkjempar for å stødja personar som har problem med casino på nett og som li av spelgalskap. Nokon har til dømes problemar med spel som Norges Automaten som har hyppig reklame på tv.

Når eg er ute og går anten på fjellet eller i skogen, blir eg alltid fengsla av kor raskt stemningane i naturen endrar seg, seier Olav Harald. Han lar seg fascinere av dei overraskande elementa som skapar spenning og overgangar frå det rolige og blikkstille til det dramatiske og stolte. Det synar att i bileta til til kunstnaren.

Tåka som leikar kring eit mørkt tindelandskap, den vare stemninga i skogen når lyset bryt gjennom lauvverket og skapar naturen sin sin eigen katedral dekorert i gull og grønt, havet i opprør og haustkledde tre som sakte og sikkert må gi tapt for vinteren. Allt dette er døme på motivverda som Olav Harald Ulstein bevegar seg i.I tilegg til naturalistiske oljemaleri, har Olav Harald Ulstein arbeidd mykje med portreitteikningar. Han har hatt fleire oppdrag både for privatpersonar og ulike verksemder. Sjå dei nyaste bilete til Olav Harald Ulstein på nettgalleriet.Legg gjerne att ei helsing eller ein kommentar om websidene, Sykkylven Kunstgalleri eller bileta mine i gjesteboka mi.

kunstner5_f