Juleutstilling 2006

På årets juleutstilling så kan vi presentere 40 nye bilete av Olav Harald Ulstein og spanande bilete av Tove Stavem Reite. Kunst er stadig meir populært som julegave og hos oss kan du finne bilete i alle format og prisklasser, frå 750 kr til 18.000 kr.

Olav Harald Ulstein sine nye bilete kan du sjå på nettgalleriet, under Juleutstilling 2006

Sjølve galleriet kan du også sjå som fullskjerm interaktivt panorama ( QuickTime, 1 mb )

Olav Harald Ulstein sine bilete er også denne gangen tolkingar av ulike naturstemningar i Olav Haralds karakteristiske stilutrykk, der dei ulike årstidene og dei vare stemningane i naturen står i fokus.

Nytt er at han no også måler bilete på acrylglass, noko som passar fint for den som ynskjer naturbilete som passar til moderne, meir minimalistiske interiør. Sja alle bileta til Olav Harald Ulstein på nettgalleriet.

Vi håper du finn tid i julestrida til å kome innom, anten berre for å sjå, eller for å finne det rette bilete til deg sjølv eller nokon annan.

God Jul.