Sykkylven Kunstgalleri

galleriaureVelkomen til Sykkylven Kunstgalleri på nett.

På våre websider vil du finne presentasjon av Sykkylven Kunstgalleri og informasjon om utstillingar og aktuelle kunstnerar. Vi har laga ei “virtuell visning” der du kan vandre gjennom galleriet og sjå deg 360 gradar rundt. Du vil og finne bilete av aktuelle kunstnerar som er utstilt, og eit nettgalleri med dei nyaste bileta til Olav Harald Ulstein.

Kunstgalleri uteBeliggenhet

Du finn Sykkylven Kunstgalleri midt i Aure sentrum i Sykkylven. Galleriet ligg mellom Bankplassen Mat&Vinhus , og Roald Cafe`.

Aure er tettstaden i Sykkylven kommune og ligg 30 km frå Ålesund. Aure ligg 3 km frå ferjekaia på Aursnes der det er ferjeavgangar til og frå Magerholm ( Ålesund ) kvart 20 minutt.

Kunstgalleri CruickshankFolkelig

Kunstnaren Olav Harald Ulstein og Trine Cruikshanck opna Sykkylven Kunstgalleri i 2002, og Olav har sitt atelier i galleriet. I tillegg til Olav sine nye bilete så har galleriet eit breidt utval av aktuelle nasjonale og regionale kunstnerar.

Olav Harald og Trine ynskjer at galleriet skal vere folkelig, og dei set pris på at folk berre stikk innom for å ta seg ein titt og ein uformell prat.