Kunstnerar

Sykkylven Kunstgalleri har vi til ei kvar tid dei nyaste bileta til Olav Harald Ulstein og eit breitt utval av kunstnerar frå regionen og andre aktuelle norske kunstnerar. For tida så er følgande kunstnerar representert: Olav Harald Ulstein, Bjørn Aurebekk, Stein Kåre Nygård, Roald Tellnes, Nils Arild Nygård, Jøran Flo, Tove Stavem Reite, Eldar Parr og Hilde Vemren.

Olav Harald Ulstein

Olav Harald Ulstein f.1962 har sitt atelier i Sykkylven Kunstgalleri og har til ei kvar tid sine nyaste bilete utstild. Dei vekslande stemningane i naturen har ein sentral plass i Olav sin motivverd, men i seinare tid så har Olav også måle ein del bilete med menneskefigurar i ulike situasjonar.

Sjå fleire bilete av Olav Harald Ulstein i nettgalleriet

Bjørn Aurebekk

Bjørn Aurebekk f.1948 frå Kristiansand er ein spanande kunstnar som skal ha seperatutstilling i Sykkylven Kunstgalleri i oktober. Han arbeider for det meste med figurativ maling/tegning og litografi. Bjørn har svært mange utstillingar bak seg , hovudsaklig i Norge, Finland og Sverige.

Stein-Kåre Nygård

Stein-Kåre Nygård f.1955 er ein mangfoldig Sykkylvskunstnar. Bilda hans reflekterar hans indre sjelsliv og har som formål å formidle kjærleik og og oppleving. Han har hatt mange separatutstillingar i inn- og utland med svært gode resultat.

Roald Tellnes

Roald Tellnes f.1946 frå Bergen er ein kunstnar med eit særprega uttrykk. Han arbeidar med ein spesiell matrialtrykk teknikk, som gir eit svært personleg og uvanleg uttrykk. Tellnes er mellom anna innkjøpt til skimuseumet i den japanske olympiabyen Nagano.

Nils Arild Nygård

Nils Arild Nygård frå Sykkylven har teke opp den gamle ikonmålingstradisjonen. Eit ikon i tradisjonell forstand er ei billedleg framstilling av Kristus eller ein av Guds tjenerar. Nils Arilds ikon er som tradisjonen tilseier måla på treplater og belagt med 24 karat bladgull. I tillegg så nyttar han glas og speglfliser i nokre av sine verk.

Jøran Flo

Jøran Flo f. 1962 frå Oslo har si utdanning frå Statens Handtverk og Kunstindustriskole, og Statens Kunstakademi i Oslo. Han har studert både ved grafikk avdelinga og skulptur avdelinga, og motivverda i grafikken hans kretsar ofte rundt personar i skulpturelle positurar.

Tove Stavem Reite

Tove Stavem Reite f. 1955 er frå Volda , og driv Galleri2v, eit galleri, atelier og kurssenter. Ho arbeid med ulike motiv frå abstraherte landskapsformer til eit abstrakt nonfigurativt uttrykk. Intensjon og drivkraft ligg i motvekt til den hektiske atmosfæra i dagleglivet og den lydfølinga som oppstår ved det visuelle uttrykket.

Eldar Parr

Eldar Parr er opprinneleg frå Hellesylt og har tidlegare budd i Sykkylven. Han er i dag utøvande kunstnar busatt i Oslo. Bileta hans har ofte eit surrealistisk preg, med menneskeskikkelsar i framande landskap.

Hilde Vemren

Hilde Vemren f.1953 har si utdanning frå Statens Håndtverk og Kunstskole og frå Statens Kunstakademi. Ho er mellom anna innkjøpt av Nasjonalgalleriet, Riksgalleriet og Norsk Kulturråd , og har hatt utstillingar i fleire store galleri i Noreg.